Det er fleire gode innlegg på cliostudenteneshistorieblogg om prosessen å skrive masteroppgåve, men dei er alle frå eit post-master-synspunkt. Korleis er det eigentleg å stå midt oppe i det?

Eg skriv masteroppgåve nå, og skal (forhåpentlegvis) levere i mai. Å skrive masteroppgåve er det mest skremmande eg har gjort til nå. For eit arbeid! Kva har eg gjort?

Før eg byrja på masterstudiet, og las emnebeskrivingane og om masteroppgåva, så vart eg heilt ærleg skremt. Korleis skal eg klare dette? Det vart litt betre når fyrste semester var skikkeleg i gang, og eg vart kjent med medstudentane som heller ikkje visste korleis dette kom til å gå. Men i løpet av hausten, då me vart kjent med kvarandre, utvikla oss fagleg, og modna som potensielle forskarar, fekk eg håpet. Eg gleda meg til å skrive.

Det er så mykje arbeid. Omtrent 100 sider skal vere ferdigskrive til helst slutten av mars. Sidene er ikkje det største problemet. Men å finne noko nytt, noko ingen andre har skrive før, som eg syns er vanskeleg. Det heile byrjar fyrste semesteret, der ein må velje tema og vegleiar. Eg fann eit tema, for det verka interessant, men eg kunne ikkje så mykje om det. Det er jo derfor me skal finne ut av forskingssituasjonen. Jo meir eg fann, jo meir skjønte eg at det er mykje som allereie er skrive om det. Men det er fyrst nå, midt i arbeidet, eg skjønnar at eg må spesifisere, detaljere og konkretisere. Korleis skal eg få vinkle oppgåva slik at den ikkje blir lik forskinga som allereie er gjort?

Eg er midt i prosessen. Det er allereie fleire titals sider som er skrive. Ikkje bra skrive da. Ikkje alt har fulle setningar, men eg har heldigvis mange avsnitt som eg kanskje kan bruke i oppgåva. Eg har ma(aaaa)nge dokumenter og mapper. Eg elskar system, og føler at eg får betre system og oversikt viss kvart tema er i eigne dokument, i staden for at alt blir skrive inn i eit dokument. Men det ser ut som kaos. Mitt kaos, mitt system. Men kva gjer eg med tilbakemeldingane og notatane frå vegleiingane? Kor passer det inn? Ånei, der er det nokre tema som overlappar kvarandre. Skal dei i kvar sine dokument, eller ta det i same dokument? Uff, så mykje å tenkje på. Men eg må stole på systemet mitt.

Og så er det å leite etter kjelder. KVAR FINN EG DET EG TRENGER????? Søker på internett. Lenge leve internett. Sender mail. Mange mail. Mail til arkiver: «Hei, eg skriv masteroppgåve i historie og skriv om…..» Kven har eg sendt mail til? Filler’n, eg mister oversikta. Oj, eg har fått svar, nokon har det eg trenger, andre ikkje. Men kven var det att? Dette må eg skrive ned. Men kvar? På eit dokument som eg også lagrar i den allereie fulle mappa? Nei, eg bruker ein liten skrivebok. Eg elskar skrivebøker.

Dette vil ta tid. Eg må skrive, skrive, skrive, som eg har fått mange tips om frå tidlegare masterstudentar. Så må eg finne det eg skal skrive. Tur på biblioteket, lese mikrofilm, tur til arkiv, tog, buss, æsj, eg skulle ønske eg hadde bil.

Ha tru på problemstillinga! Men eg har jo ingen problemstilling, for den dumpa eg før sommaren. Følg disposisjonen! Disposisjon? Korleis kan eg følgje den når eg ikkje har nokon?

Eg føler eg er godt i gang, men er likevel kjempestressa for å ikkje bli ferdig. Eg MÅ bli ferdig og levere i mai. Tenk viss det ikkje blir bra? Tenk viss det blir bra? Kva skal eg gjere med den etterpå? Kvar går vegen? Eg har ikkje tid til å tenkje på dette nå, nå må eg fokusere, fokusere på stoffet eg har framfor meg. Skrive, skrive, skrive… Å, eg er så lei. Me er fyrste vika i september, og eg er lei. Korleis skal dette gå?

Å skrive masteroppgåve er det mest skremmande eg har gjort. Men dette skal eg klare.

Skrevet av Astri Cathrine Draugedal Bjørgum. Hun går sitt siste år på master i historie ved UiA.

Clio ønsker Astri lykke til videre i prosessen