Tora går sitt siste år på masterstudiet i historie på UiA. Hun skriver for tiden på et spennende prosjekt, der hun har valgt en del av sin egen familiehistorie som emne. Toras familie eide tidligere et garveri på Osterøy, som ligger like utenfor Bergen. Denne virksomheten, i tillegg til andre garveri, er det hun har valgt å studere. Hennes overordnede arbeidsspørsmål er hvordan de som arbeidet på garveriet og samfunnet rundt opplevde bruken av de ulike kjemikaliene som ble tatt i bruk, og hvordan oppfatningene forandret seg over tid.  Vi var interessert i hvordan hun havnet på akkurat dette temaet og hvordan hun arbeider, vi har derfor stilt henne noen spørsmål.

Hva skriver du om?

Eg skriv om kulturhistoria rundt bruken av farlege stoff i garveriindustrien på Osterøy frå 1930-1990. Garving er å gjere dyrehud om til skinn og lêr ved bruk av ei rekke tilsettingsstoff, både naturlege og kjemiske.

Hvorfor nettopp dette temaet?

Eg blei med i May-Brith Ohman Nielsen sitt forskingsprosjekt Deadly Dreams med plan om å skrive om skadelege middel i barneleiker gjennom 1900-talet, men synest det var vanskeleg å finne nok materiale på det. Då May-Brith byrja å prate om garveri på Sørlandet, fortalte eg at min eigen familie hadde eigd og drevet eit garveri på Osterøy og byrja å undersøkje om det var nok materiell på dei ulike garveria på Osterøy til å skrive ei masteroppgåve om.

Hvilken type oppgave skriver du?

Kulturhistorie, altså kva tankar, tru og kunnskap som dominerte på eit gitt tidspunktet

Hvordan har du jobbet med kildene?

Eg har både vore på museum og bibliotek for å gå gjennom kjeldemateriell der interessante dokument kunne vere, samt intervjua garvarar og andre i lokalsamfunnet som har vore involvert i garveriindustrien.

Har det vært noen utfordringer når du har arbeidet med kildene dine?

For min del har det vore ei utfordring å skulle reise langt for å kunne gå gjennom kjeldemateriale, då det både er dyrt og tek ekstra tid. Samstundes har det vore ein fin mogelegheit for å kunne granske ulike kjelder på ulike stader og kunne gjennomføre intervjua med dei i eigen person, i staden for over telefon. I den forbindelse har eg også kunne vore i familiegarveriet for å få ein anna innsikt enn eg får gjennom dokumenta.

Hvordan benytter du deg av teori i din oppgave?

Teori er nok noko av det dei fleste av oss studentar synest er vanskeleg. Det tok meg ei stund før eg fann den teorien eg synest passar best for mi oppgåve, og eg forsøker å bruke same teori gjennom heile oppgåva, både for å klargjere korleis garveriindustrien og samfunnet ikkje var eineståande i sin utvikling, samstundes som teorien viser kva som var eineståande for staden. Om det er noko trøyst for nokon, så blir teori ganske kjekt etter kvart!

Hva vil du si har vært den største utfordringen ved å skrive en masteroppgave?

Knappheit av tid. Då eg er ei som er dårleg på å sei nei til tilbod, så kunne eg ikkje sei nei til å vere med på workshops i München og Shanghai, men dette gjorde også at eg fekk dårlegare tid på masteroppgåva. Eg ville ikkje valt vekk erfaringa eg fekk frå workshopene, men det er igjen verdt å tenkje seg ein ekstra gong om. Då eg i tillegg balanserer skule og foreldrerolla, var det plutseleg ikkje så enkelt med innspurtsperioden.

Tips til BA-elevene som skriver oppgåve

Kjenn etter om du liker det du gjer. Det var då eg skreiv bacheloroppgåva mi, at eg kjente for første gang kor mykje eg elska å holde på med dette. Det gjev ei kjensle av å høyre til og ikkje minst ekstra motivasjon. Ikkje gjev opp og bruk biblioteket for alt det er verdt.

Med tilbakeblikk- hva ville du gjort annerledes/ tips til fremtidige masterelever

Det er vanskeleg til tider å vite kva du skal skrive og korleis du skal komme deg vidare i oppgåva. Kontinuerleg arbeid ved å ta mastergraden som eit arbeid er mitt beste tips, sitt frå morgon til ettermiddag og få gjort arbeidet ditt, sjølv om det kan vere vanskeleg å konsentrere seg.